Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist / Rogaland

AdresseEidsvikvegen 7 |
Telefon92027337 |
E-post |
Mobil92027337 |
Kort om meg
Eg har alltid visst at eg skulle bli journalist, og det blei eg. Frå 1992 til 2013 var eg fast tilsett i Stavanger Aftenblad,så tok eg sluttpakke, og prøver nå å bita meg fast i yrket som frilansar.
Biografi
Utdanninga mi tok eg ved dåverande DH, Distriktshøgskolen i Stvavanger. Først eit år på engelsk grunnfag frå 1988 til 1989. Deretter eit toårig journaliststudium frå 1989 til 1991.
I 1992 fekk eg jobb i Stavanger Aftenblad, ved avisas lokalkontor i indre Ryfylke. Her blei eg verande til eg i 2013 i samband med nedbemanningsprosessar i avisa, tok sluttpakke.
I mitt virke som journalist på eit einmannskontor har eg lært meg å jobba veldig sjølvstendig. Eg meiner sjølv at eg er som poteta, og kan dekka dei fleste fagfelt. Som åleinegåande reportar har eg i løpet av mine år i Aftenbladet dekka både drapssaker, andre ulukker, næringsliv og politikk, for å nemna noko.
Dei nære sakene der ein går tett inn på kvardagsmennske likar eg best.
Eg turnerer dei fleste journalistiske sjangrar rimeleg bra, og har også skrive ein del kommentarar i Stavanger Aftenblad i tidlegare år
.
Som skrivande menneske hadde eg også ein draum om å skriva bøker. Til nå har det blitt to.
Den første boka, ei novellesamling kalla "Vranglås" kom i 2005. Den andre boka som er ein roman som heiter "Utstøytt" kom i 2009.
I 2014 vann eg ein krimnovellekonkurranse i regi av Liv Forlag, og kom på trykk i novellesamlinga "Døden på Slottsfjellet.".
Eg har stor arbeidskapasitet, og arbeider raskt. Etter ein svangerskapspermisjon er eg så smått i gong med mitt frilansliv. Til denne tid er det vekebladet Hjemmet og eit magasin kalla Mitt Ryfylke som har vore dei største oppdragsgivarane, men eg har også tatt enkelte oppdrag for Suldalsposten og Stavanger Aftenblad. Norsk Ukeblad og Familien har eg også vore innom.
Spesialområde
Språk jeg behersker
Arbeidsprøver
Dokumenter
Lenker
- Din for alltid
- Dalen som stod opp frå dei døde
- Det var i dei tider då dunket frå ei avis i postkassen var ei storhending i utkantane
- Jonas har lurt døden fem ganger
- Vi hadde valgt Lotte når som helst
- Mammas vonde mistanke stemte
- Født i feil kropp
- Er du ein alfahann?
- Kosmetikk for lekfolk og mannfolk
- Hvorfor drikker du ikke?
- Lene ble gravid som 15-åring
- Å mista noko du aldri har hatt
- Etter ti prøverørsforsøk kom telefonen som forandret alt
- Else Marie ble mor som 44-åring
- Mor i siste liten
- Alt klaffet da Mette og Didrik møttes sent i livet. De var det perfekte paret
- Over havet for å finna kjæraste
- Presentasjon på Cloud Story si nettside
- Elin Therese sin kamp mot spiseforstyrrelser
Arbeidsprøvene (inkl fotografier/tegninger) er beskyttet etter Lov om opphavsrett, og kan ikke brukes uten avtale med frilanseren på denne siden.